strekperson som stuper fra venstre

Symjeglede

«Prosjekt Symjeglede» er støtta av Sparebanken Vest – Voss.

svømmende strekperson

Prosjekt Symjeglede

«Prosjekt Symjeglede» er støtta av Sparebanken Vest – Voss. Prosjektet har som mål å bidra til symjedugleik og auka folkehelse, då spesielt som eit tiltak for å hjelpa mot kompetansemål for 4. trinn i barneskulen i Voss Herad.

Måla i læreplanen for kroppsøvingsfaget seier fylgjande:

Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

GRATIS BADING I 6 MÅNADER FOR ALLE 3.KLASSINGAR.

  • Gratis halvårskort for 3.klassingar i Voss Herad (6 månader frå kortet vert henta)*
  • 20% avslag på klippekort (12 klipp) til føresatt/sysken gjeld alle dagar, til det er tomt. Må kjøpast samtundes som gratis halvårskort løysast inn.

* For chiparmband til verdikort og årskort tek me 100,- i depositum. Ved innlevering av reint og uskada armband får du tilbakebetalt depositumet.

Ingen refusjon for kjøpte billettar.

Viktig informasjon (vilkår og tidsfrist):

  • Pass/fødselsattest må framvisast ved henting av kortet.
  • Frist for å hente ut gratis halvårskort er 31.januar 2024. Kortet må hentast ut i perioden frå 1.desember til 31.januar og gjeld i 6 månader frå den dagen det vert henta.
  • Alle skal fylgje badereglane våre. Merk spesielt antal badande vaksne som må vere med i bassenget dersom borna er under 12 år. Ein symjedyktig vaksen (over 18 år) kan maksimalt ha med seg 3 born under 12 år (eller 3 andre som ikkje er symjedyktige). Dersom borna er under 12 år, må den symjedyktige vaksne til ei kvar tid vera saman med og ha samla kontroll på dei han/ho har med seg, og bada saman med dei.

Førebuing til «Våttkort-test»:

Badereglane våre seier at du må vere fylt 12 år for å bade aleine i Vossabadet. Me har likevel laga ei ordning for dei som er yngre, slik at dei kan få høve til å bade aleine dersom dei består ein test. Det går an å ta testen det året bornet fyller 10 år. Testen kan takast i heile vår opningstid under oppsyn av ein badevert (med atterhald om kapasitet). Dei som består får utdelt eit «våttkort». Dette må synast fram kvar gong dei kjem for å bade utan vaksne.

For å bestå testen må ein hoppa uti den djupe delen av 25m bassenget, symja 50 meter samanhengande, dukka og henta ein ring på den djupe delen, og ta seg opp på bassengkanten. Ikkje ulikt kompetansemåla for 4.trinn.

Føresette må signere eit skjema som gir barnet tillatelse til å ta våttkorttesten. Skjema fins her.
Det kostar 50kr for å ta testen.

Med gratis halvårskort for 3.klassingar, så gjev me borna moglegheit til å forberede seg til å ta Våttkort-test hjå oss i Vossabadet.