Kan eg ta med mat i Vossabadet?
I resepsjonen har me ein kiosk med eit utval av varm mat og drikke, samt snacks, frukt og andre kioskvarer. Gjestar som handlar i kiosken har prioritet på plassane i kaféområdet. Det er likevel lov å ta med nistepakke og ete denne i kaféområdet eller på tribuna. Det er forbode å ete i garderoben eller i bassengområdet.
Hjelp, eg gløymte noko i Vossabadet!
Om du har gløymt tøy eller andre ting kan du kontakte oss på mail (resepsjon@vossabadet.no) eller telefon (992 19 299). Du kan óg spørre dei tilsette om du er innom Vossabadet.
Er det parkeringsplassar utanfor Vossabadet?
Det er kommunale parkeringsplassar i området utanfor Vossabadet, og parkeringsavgift må betalast på kvardagar mellom kl 09-16.
Kva er eit "våttkort"?
Badereglane våre seier at du må vere fylt 12 år for å bade aleine i Vossabadet. Me har likevel laga ei ordning for dei som er yngre, slik at dei kan få høve til å bade aleine dersom dei består ein test. Det går an å ta testen det året bornet fyller 10 år. Testen kan takast i heile vår opningstid under oppsyn av ein badevert (med atterhald om kapasitet). Dei som består får utdelt eit «våttkort». Dette må synast fram kvar gong dei kjem for å bade utan vaksne.
For å bestå testen må ein hoppa uti den djupe delen av 25m bassenget, symja 50 meter samanhengande, dukka og henta ein ring på den djupe delen, og ta seg opp på bassengkanten.
Føresette må signere eit skjema som gir barnet tillatelse til å ta våttkorttesten. Skjema fins her
Det kostar 50kr for å ta testen.
I kva alder kan ikkje borna være med i garderobe av motsatt kjønn?
Born skal ikkje gå i garderobe av motsatt kjønn frå og med fylt 7 år.
Må eg bruka badehette?
Nei, det er ikkje påbode å bruka badehette i Vossabadet. Me anbefalar likevel bruk av badehette for dei som driv aktivt med symjing i 25-metersbassenget.
Er det greit at eg tek bilete i Vossabadet?
Du kan ta bilder i arenaen, så lenge du har spurt en badevert først, og så lenge alle personene som er med på bildet syns det er greit.
Kortid må me ut av bassenget?
Alle må vere ute av bygget klokka 18.00 eller 21.00. Badevertane gir beskjed til alle gjestane i bassenget når klokka er 17.30 eller 20.30 slik at det vert høve til å dusje og skifte i god tid.
Kvifor må eg dusje før eg går i bassenget?
Det er viktig å vere heilt rein før du går ut i bassenget. Me ynskjer å bruka så lite klor som mogleg i vatnet vårt. Dersom bassenget vert fullt av bakteriar, vil me trenge mykje klor for å få bukt med desse. Det inneber større mengder klor, kraftigare klorlukt og potensielt større konsekvenser for hud og helse. I verste fall må me stengja bassenget.
Har Vossabadet gåvekort?
Ja, du kan få kjøpt det i resepsjonen på Vossabadet med valfri verdi. Sjekk prisar her.
Kan eg få utsatt varighet på årskortet dersom eg ikkje skal nytta det i ein periode?
Dersom du har legeerklæring som seier at du ikkje kan opphalda deg i vatn, vil me utvide varigheten på årskortet med tilsvarande tid som legeerklæringa stadfester. Ingen andre årsaker er gyldige.