Opplæringsbasseng

Med sine 33 komfortable varmegrader er det ikkje rart at opplæringsbassenget er vårt aller mest populære basseng. Det vert ofte nytta av skular, barnehagar og til symjekurs. I tillegg er det eit godt basseng å vere i for eldre og dei aller minste.
Bassenget har eigen heis for rullestolbrukarar.

Temperatur

Bassenget held ein temperatur på 33 gradar. For barn, rørslehemma og eldre er dette eit ypparleg basseng å tilbringe tid i.

Dybde

På det grunnaste (mot aust) er bassenget 0,8 meter, og på det djupaste (mot vest) er det 1,6 meter.

25-metersbasseng

Me er stolte av å ha eit heilt eige 25-metersbasseng med konkurransestandard her på Voss. Bassenget held 28 grader og kan delast i 6 baner. Dybden går frå 1 meter (sør) til 1,6 meter (nord).

Startpallane på kortsida er integrert med teknologisk utstyr for tidtaking under konkurransar.

Bassenget har eigen personheis for dei som trenger assistanse.

Symjing

I Vossabadet vil det alltid vere høve til å koma for å ta ein dukkert i løpet av våre opningstider. Det vil alltid vera minst to symjebaner i 25-metersbassenget som er reservert til våre badegjester, sjølv om det pågår anna program på timeplanen.

Merk! Ikkje alle symjer like raskt. Hurtigsymjarar og mosjonistar får derfor kvar sine baner i bassenget. For å skapa god flyt i symjebanane ber me om at dykk respekterer merkinga me har sett opp.

I symjebanane har me høgrekøyring – hald til høgre i bana, så unngår du kollisjon!

Temperatur

Temperaturen i 25-metersbassenget ligg på 28 grader.

Stupebasseng

Me har eit eige basseng knytta til aktiviteten i stupetårnet.

Eige stupebasseng

«Dette er noko av det luraste de har gjort», seier alle dei som har erfaring med å kombinere stup- og konkurransebasseng. Stupebretta vil aldri vera stengt hjå oss! Bassenget held 28 grader og er 3,85 meter djupt. Stupebretta på 1 og 3 meter er sviktbrett.

For å skapa god flyt på travle dagar oppmodar me alle om å symje rett fram eller rett bak etter hopp/stup. Å symja til sida kan skapa farlege situasjonar.

Aldersgrense

Alle kan nytta seg av stupetårnet dersom dei kjenner seg klar for det. Det er greit med armvinger/flyteelement frå 1- og 3-meteren, men alle som hoppar frå 5-meteren må vera symjedyktige og hoppe utan flyteutstyr.

Stupebrett

  • 1 meter
  • 3 meter
  • 5 meter

Sklie

Sklia vår passar perfekt for både store barn og enda større barn. La konkurranseinstinktet sleppe laus!

Aldersgrense

Det er 7 års aldersgrense for å skli aleine, men born over 4 år kan skli saman med ein vaksen. Utanom dette er det ikkje høve til å skli fleire saman. 

Tidtakar

Inviter vener, familie eller ein kollega til konkurranse i sklia. Med vårt tidtakarsystem er det enkelt å avgjere kven som er raskast. Kva er din rekord?

Badstu

Badstua i Vossabadet er felles for alle badegjestar. Her er temperturen alltid 80 grader. Nyt varmen medan du følgjer med på akrobatikken i stupetårnet. Badetøy er påbode.

Forsiktig

Bruk av badstu skjer på eige ansvar. Små barn vert fraråda å nytta badstu. Gravide og menneske med hjartesjukdommar vert tilråda å bruke sunn fornuft i badstu. Ikkje sit for lenge og hugs å drikke vatn!

Regler

Alle må dusja før og etter bruk av badstova. Av hygieniske årsaker oppfordrar me til å sitja på handduken din. Du finn ein dusj på veggen utanfor badstua

Wibit

Kvar helg og feriar tar me uti ein av våre kjekkaste ting, nemleg Wibit! Dette er ei hinderløype som er satt uti 25 meters bassenget, og passar for både store og små. Den skapar latter, glede og endå meir fysisk aktivitet i vatnet.

Aldersgrense

Det er inga aldersgrense for å vere på Wibit’en aleine, men born som ikkje er symjedyktige må ha armringar på seg.