Badereglar
Tryggleik og trivnad
Me ynskjer at du som gjest skal føla størst mogleg tryggleik og trivnad. For å oppnå dette må alle gjester i Vossabadet følgja nokre felles reglar. All bading føregår på eige ansvar. Slå alarm til badevertane dersom du oppdagar personar som treng hjelp.
Born og ikkje-symjedyktige
Har du våtkort, så kan du bada åleine på eige ansvar
Er du 12 år og symjedyktig kan du bada åleine
Born under 12 år må ha fylgje av symjedyktig vaksen -og vera under oppsyn i vatnet heile tida
Maks 3 born eller ikkje-symjedyktige per vaksen
Hoved- og stupebasseng er kun for symjedyktige
Før bading
Dusj naken før du går i bassenget
Bad i reint badetøy
Bleieborn må bruke badebleie
Ikkje spring i dusjområdet
Generelt
Mat og drikke skal nytast ved kioskområdet
Røyk, snus og tyggis er ikkje tillate
Å ta bilete i dusj- og garderobeområda er forbode
Ved bassenget
Høyr på badevertane
Ikkje spring i bassengområde
Ikkje stup eller hopp frå langsidene
Ingen store badeleikar i bassenget
1 om gongen i sklia
Billetten gjeld for éin innpassering. Ein kan ikkje gå ut og kome inn igjen til badeområdet
Stupebasseng:
1 om gongen og sjå at det er klart
Snorkel skal kun nyttast ved symjeopplæring
Mat og drikke ikkje tillat ved bassenget
Kamera og telefon er ikkje tillat inne i hallen