Tilgjengelegheit og universell utforming i Vossabadet
Lagleg tilkomst: det handlar om forventningane
Tilgjengelighet er viktig for å inkludere alle grupper i samfunnet. Anlegg som Vossabadet bør vere tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, livsfase, funksjonsevne og føresetnader - så langt det let seg gjera. Det handlar om å tetta forventningsgapet. Hjå oss gjer me det kan for at du skal oppfatta Vossabadet som tilgjengeleg.
Tilgjengeleg - både fysisk og mentalt
Tilgjengelegheit handlar ikkje berre om ramper og rekkverk, det handlar om å skru på hovudet 🧠💡
Då me hadde besøk av representantar frå Sunnaasstiftelsen, sa dei noko som verkeleg traff oss: "Inkluderande tilbod handlar om å skru på hovudet."
Og me kunne ikkje vore meir einige. For tilgjengelegheit handlar ikkje berre om fysiske løysingar, det handlar like mykje om innstilling, innsikt og evna til å sjå ting med nye auge. Me lyttar til brukarane våre, prøver å forstå ulike behov og er alltid på jakt etter smarte måtar å gjere opplevinga hos oss endå betre for alle.
Hjå Vossabadet skal du kjenna deg velkomen, trygg og ivaretatt. Me har eit personale som tenkjer løysingar før hindringar, og eit anlegg som stadig blir utvikla for å vere meir tilgjengeleg og inkluderande.
Så har du innspel, tankar eller behov? Sei ifrå! Me skrur gjerne på hovudet ein gong til – og ein gong til – for at du skal få eit best mogleg besøk 💙
Diverse tilpasninger
- Me har ledelinjer og taktil skilting til HC garderobene og inne i symjehallen. Me anerkjenner likevel at enkelte ting kunne vore betre. Me hjelper difor gjerne med å visa veg om du treng det. Ikkje vær redd for å spørja.
- Me jobbar tett saman med vår nettsideleverandør for at nettsida vår skal vera universelt utforma i henhold til NS og EN og ISO norm - samt WCAG, W3C og WAI standard.
Ledsagerbevis og ledsagerbillett
Vossabadet godtek ledsagarbevis. Ledsagarar betalar berre ordinær billett.
Éin ledsagar per brukar blir godteken per ledsagarbevis.Ved behov for fleire ledsagarar må det visast fram separate bevis. Prisar finn du her.
HC Parkering
Det er HC-parkering og parkeringsplassar rett utandfor døra til Vossabadet.
Terskelfri og trappefri tilkomst
Vossabadet har kort veg, trappefri og terskelfri tilkomst frå parkering og på bakkeplan. Her kan du trilla rett inn i resepsjonen og vidare inn i symjeanlegget.
Dørautomatikk og knappar i riktig høgde
Me har automatisk eller elektrisk styring av dører.
Inngangsdøra er ei automatisk skyvedør, og dei fleste andre dørene kan opnast med knapp og automatikk.
Nokre dører, som til dømes på HC-garderobane, har derimot lås og difor ikkje automatikk. Ta gjerne kontakt med resepsjonen dersom du treng assistanse – me hjelper deg gjerne!
Universelt utforma garderobar
I Vossabadet har med 2 stk kjønsnøytrale og universelt utforma garderobar, med plass til elektrisk rullestol, taktil skilting - samt knaggar, hyllar og skap i tilgjengeleg høgde.
HC toalett
I Vossabadet har ein universellt utforma toalett i både i eigne HC garderobar på bakkeplan og som publikumstoalett i 2.etg - tilgjengeleg med heis. Heisen rommar dei fleste rullestolar.
Terapibasseng med plattformheis
Eit godt døme på god tilgjengelegheit er terapibassenget vårt. Ikkje berre er bassenget 33 grader. Men me har ein motorisert plattformheis som gjer det mogleg for rullestolbrukarar og andre som ikkje kan ta trappa, å kome seg trygt og enkelt ned i vatnet. Litt som eit senkbart golv.
Mobil personløftar - tilgjengelegheit i 25m bassenget
Me har ein mobil personløftar som kan festast i golvet. Det gjer at du kan få hjelp til å koma deg trygt ned i 25-metersbassenget og. Denne løftaren er meint som eit hjelpemiddel for sjølve løftet, ikkje til transport, så me prøver å gjera det effektivt, skånsamt og kortvarig, slik at du slepp å henga lenge i seilet.
🗓️ Planlegging er nøkkelen
For at det skal gå så smidig som mogleg, er det lurt å planleggja litt i forkant. Me ønskjer å minimera tida du er i løftaren, og redusera risiko for knoting og kluss.
Difor:
👉 Gje oss eit hint på førehand om du treng hjelp med personløftaren, så finn me ei god løysing saman!
Det meste kan ordnast med litt god dialog og planlegging 🧠💬💪
HC tilgang til tribune
Heis tek deg til 2. etg og til tribune der det er plass til både rullestol og dørautomatikk styrt av knapp i tilgjegeleg høgde.