Livredningskurs hjå Vossabadet
Lær å redde liv – og ha det kjekt medan du gjer det!
Er du badevakt, symjelærar, tilknytta lag og organisasjon eller BPA eller berre glad i vatn? Då er livredningskurset vårt midt i blinken for deg. På Vossabadet lærer du både teori og praksis, med ekte situasjonar og skikkeleg veiledning. Kurset passar for alle som vil kjenna seg tryggare i og rundt vatn – anten du jobbar med folk eller berre vil vere den som tek ansvar om noko skjer. Vil du booka kurs? Send oss ein e-post på resepsjon@vossabadet.no – så finn me eit tidspunkt som passar!
Kven held kurset?
Instruktørane våre er ikkje kven som helst – her snakkar me om proffar som verkeleg kan faget sitt og har jobba i badeanlegg i fleire år! Alle våre instruktørar er som minimum utdanna gjennom Bad, Park og Idrett, og har solid erfaring frå både badeanlegg og beredskap. Me held kurs på førespurnad – anten det er livredningskurs, livredningsprøve eller førstehjelpskurs.
Instruktørane våre er og gokjent så dei kan halda Norsk Grunnkurs i Førstehjelp, DHLR-kurs (hjarte-lunge-redning med hjartestartar), og kurs i Livredning og Beredskap i badeanlegg (nasjonal godkjenning som badevakt) – alt etter standard frå Norsk Resuscitasjonsråd, BPI og Norsk Førstehjelpsråd.
💪 Du er med andre ord i dei tryggaste hender!
Årleg livredningsprøve for lærarar, barnehageansatte og andre med ansvar for born/ungdom/gruppar
Hjå oss kan du ta livredningsprøven på ulike djupne mellom: 1,6 m, og heile 3,9 m. Du må ta prøven på minst same djupne som det bassenget du skal jobba eller ha ansvar i på årleg basis – det er eit krav me ikkje tullar med.
Du må ta tatt livredningskurs dei siste 12 månadene for å kunne ta livredningsprøva.
Prøven vert gjennomført med klede og utan symjebriller, akkurat som i ein reell situasjon og gjennomføringa tek om lag 60 minutt.
Prøva er tilpassa retningslinjer gitt av Utdanningsdirektoratet i rundskriv og kompetansemåla i skolen og for generelle nasjonale livredningsprøvar.
Minimum 4 påmeldte deltakarar for at prøven gjennomførast.
Pris: kr 500,- per person.
4 timars livredningskurs
Kurset går over fire timar – to timar teori og to timar praksis i basseng. Me kombinerer fagleg påfyll og fysisk øving med ekte caser og situasjonar som kan oppstå i kvardagen. Her får du både jobba praktisk og reflektert rundt korleis du sjølv ville handla på din eigen arbeidsplass.
Deltakarane får høve til å dela erfaringar og diskutera ulike løysingar – for dette handlar ikkje berre om å hugsa teori, men å kunne bruka den i verkelege situasjonar.
Kurset er eit fagleg minstemål for deg som skal ha ansvar for grupper i basseng – til dømes frå skular, barnehagar eller foreiningar. Det gjev viktig kunnskap og tryggleik – men merk: Dette er ikkje eit kurs som gjev godkjenning som offentleg badevakt.
Me avslutter kurset med livredningsprøve. Merk at prøva minst må tas på den dybda som er i bassenget du skal operere i. Deltakarne må ha fylt 18 år. Prøven gjerast med klær og utan symjebrillar. Deltaker må kunne dykke, symja 200 m og ilandføre.
Minimum 4 påmeldte deltakarar for at kurset gjennomførast.
Pris: 1500,- per person
DHLR-kurs (HLR og hjartestartar kurs)
Dette kurset passar for alle som vil læra meir om livreddande førstehjelp og bruk av hjartestartar (DHLR). Å kunne førstehjelp handlar ikkje berre om teori – det handlar om å vera klar når det verkeleg gjeld. Med god opplæring får du den tryggleiken som trengst for å ta ansvar i ei kritisk situasjon.
Me anbefalar årleg kurs for deg som har ei sentral rolle – slik held du kompetansen ved like og er alltid oppdatert på det nyaste innan livredding og førstehjelp.
Enten du er lærar, trenar, tilsett i barnehage eller berre ein ansvarleg sjel – dette kurset gjev deg verktøya du treng for å gjera ein forskjell.
Minimum 4 påmeldte deltakarar for at kurset gjennomførast.
Pris: 1000,- per person.
16 timars kurs i livredning og beredskap (badevakt sertifisering)
Er du klar for å lære korleis du kan redde liv – både på land og i vatn? Bli med på eit to dagars kurs som kombinerer teori og mykje praksis med ein god dose alvor og engasjement.
På menyen får du:
• Redningsteknikkar i vatn og på land
• Bruk av hjertestartar – me trenar på ekte situasjonar
• Gjennomføring av den offisielle livreddertesten
• Gjennomgang av norm for tryggleik frå BAD, PARK OG IDRETT og Badelandene.no
• Alarmplan og brannalarmplan – kva gjer du når det gjeld?
• Handtering av alvorlege hendingar som vald, seksuell trakassering og ran
Kurset er ein del av kursstigen til Bad, Park og Idrett, og følgjer retningslinjene frå Norsk Resuscitasjonsråd (NRR) – så du er i trygge hender heile vegen.
Etter fullført kurs står du godt rusta, både fagleg og mentalt – og med meir sjølvtillit med gokjenning på nivå som nasjonalt godkjent badevakt.
Ta kontakt for pris. Kun på forespørsel og med minimum 5 stk deltakarar.