Aquajogg
Det perfekte alternativet til tradisjonell løping
Har du skadar som hindrar deg i å løpe, eller ønskjer du å auke løpsmengda utan å auke belastninga på kroppen? Då bør du prøve aquajogg!
Bli med på Aquajogg
Aquajogg er ein effektiv treningsmetode der du løper i vatn. Denne treningsforma lar deg utføre løpebevegelsar utan den harde belastninga som vanleg løping påfører kroppen. Mange toppidrettsutøvarar brukar aquajogg for å halde seg i form gjennom skadeperiodar, og no kan du gjere det same.
Våre aquajogg-økter er intervallbaserte og varer i 45 minutt. Du treng ikkje vere i toppform for å delta — alle er velkomne!
Besøk oss på Vossabadet og prøv aquajogg i haust. Me gler oss til å sjå deg!
Tidspunkt og instruktør
Påmelding og pris
Ingen påmelding, berre møt opp.
No i starten kostar ingenting ekstra å vere med på timane, du betalar berre ein vanlig badebillett. Dei som har årskort og klyppekort kan nytte det.