Aquagym
Aquagymtimane i Vossabadet er tilpassa alle nivå og behov.
Enten du ynskjer å mosjonere litt eller du ynskjer å ha deg ei skikkelig treningsøkt, er dette ein treningstime for deg!
Bli med på Aquagym
Det er i stor grad deg sjølv som avgjer kor intensiv økta vert, avhengig av kor hardt du tek i. Kom og prøv deg fram. Instruktørane brukar musikk og ulike flyteelement som hjelpemiddel i aquagymtimane.
Tidspunkt og instruktør
Påmelding
Ingen påmelding, berre møt opp.
Priser:
Dropin 150,-
Aquagym klippekort (12 gonger) 1600,-



