spørsmål

Spørsmål og svar

Her har me samla spørsmål og svar om anlegget

Ofte spurte spørsmål

I resepsjonen har me ein kiosk med eit utval av varm mat og drikke, samt snacks, frukt og andre kioskvarer. Gjestar som handlar i kiosken har prioritet på plassane i kaféområdet. Det er likevel lov å ta med nistepakke og ete denne i kaféområdet eller på tribuna. Det er forbode å ete i garderoben eller i bassengområdet. 

Om du har gløymt tøy eller andre ting kan du kontakte oss på mail resepsjon@vossabadet.no eller telefon 992 19 299. Du kan óg spørre dei tilsette om du er innom Vossabadet.

Me tek vare på det meste i minst 4 veker. Det me ikkje tek vare på er skittent undertøy, særs skitne håndklede og noko shampoo og såpe.

Me i Vossabadet tenker på miljøet og oppfordrar alle til å unngå overforbruk/overproduksjon av plastikk o.l. som er skadeleg for vår natur🌲
Hjelp oss å unngå unødig forbruk/forsøpling .

Det som ikkje vert henta i Vossabadet vert så langt det er mogleg donert til vldedige formål, nokon som treng det eller til f.eks Fretex, Røde Kors og Frivillighetssentralen.

Diverre er det enorme mengder gjengløymt hjå oss kvar uke...

Det er kommunale parkeringsplassar i området utanfor Vossabadet, og parkeringsavgift må betalast på kvardagar mellom kl 09-16.

Badereglane våre seier at du må vere fylt 12 år for å bade aleine i Vossabadet. Me har likevel laga ei ordning for dei som er yngre, slik at dei kan få høve til å bade aleine dersom dei består ein test. Det går an å ta testen det året bornet fyller 10 år. Testen kan takast i heile vår opningstid under oppsyn av ein badevert (med atterhald om kapasitet). Dei som består får utdelt eit «våttkort». Dette må synast fram kvar gong dei kjem for å bade utan vaksne.

For å bestå testen må ein hoppa uti den djupe delen av 25m bassenget, symja 50 meter samanhengande, dukka og henta ein ring på den djupe delen, og ta seg opp på bassengkanten.

Føresette må signere eit skjema som gir barnet tillatelse til å ta våttkorttesten.

Det kostar 50kr for å ta testen.

Born skal ikkje gå i garderobe av motsatt kjønn frå og med fylt 7 år.

Nei, det er ikkje påbode å bruka badehette i Vossabadet. Me anbefalar likevel bruk av badehette for dei som driv aktivt med symjing i 25-metersbassenget.

I utgangpunktet har me totalt fotoforbud i Vossabadet, med omsyn til personvern og tryggleiken til dei som er lettkledde i Vossabadet. Ein skal ikkje nytta telefon eller kamera på tribuna eller innafor døra til garderobene. Det er tydeleg skilta om dette i heile Vossabadet.

Om du ynskjer å ta bilete i arenaen, så spør ein badevert. Med tilsyn frå badeverten kan me i nokre tilfelle tillate at det vert tatt bilete om den som er med på bilete synes det er greit.

Alle må vere ute av bassenget 30 minutter før Vossabadet stengjer dørene. Badevertana vil gje beskjed til alle gjester i bassenget når dei må opp, slik at det vert høve til å dusja og skifta i god tid.

Det er viktig å vere heilt rein før du går ut i bassenget. Me ynskjer å bruka så lite klor som mogleg i vatnet vårt. Dersom bassenget vert fullt av bakteriar, vil me trenge mykje klor for å få bukt med desse. Det inneber større mengder klor, kraftigare klorlukt og potensielt større konsekvenser for hud og helse. I verste fall må me stengja bassenget.

Ja, du kan få kjøpt det i resepsjonen på Vossabadet med valfri verdi.

Dersom du har legeerklæring som seier at du ikkje kan opphalda deg i vatn, vil me utvide varigheten på årskortet med tilsvarande tid som legeerklæringa stadfester. Ingen andre årsaker er gyldige.

Nei. Me refunderer ikkje kjøpte billettar.