basseng og stige

Bursdag på Vossabadet

Klar for kalas!

Me har gode fasilitetar for bursdagsselskap hjå oss.

199,- per born

Ved booking av bursdagsselskap hjå oss får du følgande:

  • Badebillett med bading i inntil 2 timar
  • Pizza med skinke (kun til borna)
  • Brus, juice eller saft
  • Romsleg, privat område for oppdekking og selskap i 1 time

De står for pynting og klargjering av rommet, samt enkel opprydding (utan vask) etterpå. Rommet er klart for pynting ein time før selskapet startar.

De veljer sjølv om selskapet skal bade eller ete først. Me er fleksible og vil i høg grad tilpasse oss dine behov – berre spør oss! Det er høve til å ta med kake sjølv.

NB! Det er ingen rabatt for born som har årskort

Praktisk informasjon

Alle skal følge badereglane våre. Merk spesielt antal badande vaksne som må vere med i bassenget dersom barna er under 12 år. Ein vaksen per 3. barn kjem inn gratis når det er selskap. Er det fleire vaksne, må desse løyse billett som vanleg.

Sjekk gjerne vår timeplan før du bestiller, og gjer deg kjent med eventuelle aktivitetar som skjer i badet samtidig.

Betaling skal skje i resepsjonen ved ankomst i Vossabadet. Armband med badebillett delast ut samtidig.